SPESIALTUR FOR BORN

Fra NOK 1'070

+4 Tilleggsmuligheter

Kort blåistur for familiar med spreke born.

Har du spreke, naturglade ungar i familien og tenkjer at den vanlege blåis-familieturen på Nigardsbreen er litt for kort og for lite utfordrande?

Er svaret ja, då er SPESIALTUR FOR BORN det rette valet. Denne turen passar for foreldre med spreke ungar som gjerne vil gå på utforskingsferd i den spennande blåisverda på Nigardsbreen.

Denne blåisturen er meir krevjande enn den ordinære familieturen og bør berre bestillast av foreldre med spreke ungar som har tidlegare turerfaring og som elskar å vere ute på tur i naturen.

Inngang i utstillingane på Breheimsenteret er ikkje inkl. i prisen.

  • Passar for/krav: Born berre ifølgje med foreldre. Aldersgrense for barn er min. 8 år og maks 15 år.
  • Utstyr (krav): Hanskar for borna. Meir informasjon
  • Varigheit: På isen ca. 1,5 timar. Totalt 3,5-4 timar.

 

 

Fra NOK 1'070

+4 Tilleggsmuligheter

Bestill nå!

GPS-koordinatar for Nigardsbreen park. plass:

N 61°40'18.971"
E 7°14'07.240"

N 61°40.316'
E 7°14.120'

Reiserute

  1. Nigardsbrevatnet