SPESIALTUR FOR BORN

Kort blåistur for familiar med spreke born

Har du spreke, naturglade ungar i familien og som likar utfordringar?

Er svaret ja, då er SPESIALTUR FOR BORN det rette valet. Denne turen passar for foreldre med spreke ungar som gjerne vil gå på utforskingsferd i den spennande blåisverda på Nigardsbreen.

Denne blåisturen er for foreldre med spreke ungar frå 8 år som har tidlegare turerfaring og som likar å vere ute på tur i naturen. For vaksne utan born, eller med mest vaksne ungar (min. alder 12 år), bør du velje den Korte Blåisturen som er same type blåistur.

Inngangsbillett til utstillingane på Breheimsenteret er  inkludert i prisen. 

  • Passar for/krav: Born berre ifølgje med foreldre. Aldersgrense for barn er min. 8 år og maks 14 år.
  • Utstyr (krav): Hanskar for borna. Meir informasjon
  • Varigheit: På isen ca. 1,5 timar. Totalt  ca. 4 - 4,5 timar.

 

 

GPS-koordinatar for Nigardsbreen park. plass:

N 61°40'18.971"
E 7°14'07.240"

N 61°40.316'
E 7°14.120'

Reiserute

  1. Jostedal (NO)