Familie Blåistur

Fra NOK 200

+4 Tilleggsmuligheter

Ein triveleg bretur på Nigardsbreen i Jostedalen og som passar for familiar med born i alderen 6 år og eldre eller for deg som ynskjer ein kort, enkel og roleg tur.

Fyrste delen over Nigardsvatnet kan du få skyss med ein motorbåt (ikkje inkl. i prisen).

Følg deretter merkinga med infoskilt og oransje kjegler opp til venstre brekanten. 

Tidsbruken for båttransporten (ca. 15 min) samt anmarsjen (ca. 30-45 min.) total ca. 1 time. NB i høgsesongen kan det være kø på båten i begge rettningar!

Inngangsbillett for utstillingane på Breheimsenteret er ikkje inkludert i prisen men kan kjøpast online rimeleg som ei samla pakke inkl. breturen. 

 

  • Varigheit: ca.1 time på isen
  • Aldersgrense: Min. 6 år
  • Frammøte: Ved venstre brekant (to små leskur), min. 30 min. før turen startar.
  • Utstyr: Klikk på linken

 

Fra NOK 200

+4 Tilleggsmuligheter

Bestill nå!

GPS-koordinatar for park. plassen ved Nigardsbrevatnet:

N 61°40'18.971"
E 7°14'07.240"

N 61°40.316'
E 7°14.120'

Reiserute

  1. Nigardsbreen