Alpinkurs

Kurset gjev ei grunnleggande innføring i is- og fjellklatring. Passar for den som har gjennomført brekurs eller har tilsvarande erfaring frå brevandring. Aldersgrense: 17 år Varigheit: 6 dagar Frammøte: Kl. 20:00  på kurslokalet Bretun i Jostedalen

FraNOK 5'975
Bestill nå!

Blåistur

Ein flott tur mellom djupe bresprekkar og høge istårn som gjev deg kjensla av å oppdage og utforske kva ein bre verkeleg er. Turen er lang nok til at me rekk å oppsøkje dei mest interessante og spennande områda. Frå 2017 er også inngangsbillett til utstillingane på Breheimsenteret inkludert i prisen (gjeld ikkje for grupper). Aldersgrense: 12 år Varigheit: ca. 5 timar Frammøte: Møt breføraren ved skilt GUIDE på parkeringsplassen ved Nigardsbrevatnet 30 min. før turstart. Utstyr: Klikk på linken

FraNOK 660
Bestill nå!

Brekurs

På brekurset (5 dagar) lærer ein bruken av stegjarn, isøks, tau og andre sikringsmiddel på is og snø. I tillegg til fleire spennande turar øver ein og på ulike metodar for redning frå bresprekk, det blir ei innføring i isklatring og ein lærer å gjere gode vegval på is og snø.    Krav: God form og turerfaring Aldersgrense: 12 år Varigheit: 5 heile dagar (+frammøtekvelden) Frammøte: Kl. 20:00 på kurslokalet Bretun i Jostedalen

FraNOK 4'690
Bestill nå!

Eigenførar breturar

Private breturar på Jostedalsbreen, på Smørstabbreen og i Hurrungane i Vest-Jotunheimen. Bestilling: Alle private turar må bli bestilt og betalt på førehand. Førespurnad til: post@bfl.no

Eigenførar fjell- og klatreturar

Jostedalen og i Hurrungane i Vest-Jotunheimen har godt eigna område som byr på klippeklatring av ulik vanskegrad samt alpine klatreruter i høgfjellet. I Jostedalen og Sogndal (Kvam) er det opparbeidd klatrefelt med mange forskjellige ruter og som er godt eigna til kurs, opplæring eller berre for ein dag med morosam sva- og rissklatring i fast, fint fjell og under kyndig vegleiing. Ta kontakt på førehand på: post@bfl.no

Eigenføring med utg. pkt. Fondsbu

Med utgangspunkt Fondsbu turisthytte (DNT) på Eidsbugarden i Jotunheimen tilbyr me og private turar med førar til fleire utfordrande 2000-meterstoppar i området. Bestilling: Alle private turar må bestillast og betalast på førehand. Førespurnad til: post@bfl.no

Falketind 2067 moh via Pionerruta

Jostedalen Breførarlg har i meir enn 15 år tilbydd fjellføring og toppturar i samarbeid med Fondsbu (DNT) på Eidsbugarden i Jotunheimen til mange utfordrande 2000-meterstoppar i området. Desse turane krev bruk av stegjarn og isøks, tau og sele då dei går over bre. Nokre av rutene er såpass utsette at ein må klatre/klive med tau. Alt av bre- og klatreutstyr er inkludert i føringsprisen.  Krav: God form og turerfaring Aldersgrense: 12 år Varigheit: 9-11 timar Frammøte: 21:00 Fondsbu Klyveklatring opp til grad 2–2+ / Meir info Utstyr: Varme og vindtette klede, fjellsko, hanskar, lue, regntøy og lunsj.

FraNOK 975
Bestill nå!

Falketind via Stølsnostind

Jostedalen Breførarlg har i meir enn 15 år tilbydd fjellføring og toppturar i samarbeid med Fondsbu (DNT) på Eidsbugarden i Jotunheimen til mange utfordrande 2000-meterstoppar i området. Desse turane krev bruk av stegjarn og isøks, tau og sele då dei går over bre. Nokre av rutene er såpass utsette at ein må klatre/klive med tau. Alt av bre- og klatreutstyr er inkludert i føringsprisen.  Meir info Krav: God form og turerfaring Aldersgrense:  12 år Varigheit: ca. 12 timar Frammøte: 21:00 Fondsbu Utstyr: Varme og vindtette klede, fjellsko, hanskar, lue, regntøy og lunsj.

FraNOK 1'000
Bestill nå!

Familie Blåistur

Ein lett og triveleg bretur på Nigardsbreen i Jostedalen og som passar for familiar med born i alderen 6 år og eldre eller for deg som ynskjer ein kort, enkel og roleg tur. Fyrste delen over Nigardsvatnet kan du få skyss med ein motorbåt (ikkje inkl. i prisen). Tidsbruken for båttransporten samt anmarsjen opp til brekanten er ca. 1 time.  Inngangsbillett for utstillingane på Breheimsenteret er ikkje inkludert i prisen men kan kjøpast rimeleg som ei samla pakke inkl. breturen.  Varigheit: ca.1 time på isen Aldersgrense: 6 år Frammøte: Ved venstre brekanten (to små leskur), min. 30 min. før turen startar. Utstyr: Klikk på linken NB! Blåis familieturen kan ikkje tingast som privattur    

FraNOK 150
Bestill nå!

Josten på langs

Ein skitur som kan by på store og mektige variasjonar. På ein og same tur tur kan du møte varmande vår og full vinter, sludd på tvers og steikande sol, grauttåke med 10 meter sikt og flott utsikt til kvasse tindar og vide vidder. Me går frå Bjønnstegane nord i Jostedalen til Flatbrehytta i Fjærland. Undervegs gjer me avstikkarar til flotte utsynspunkt som Lodalskåpa (2083), Brenibba (2018), Kjenndalskruna (1830), Høgste Breakulen (1957) og Supphellenipa (1731). Dette er ein tung tur i bratt vestlandsterreng med sekk på 15-20 kg. Krav: God kondisjon og skierfaring frå høgfjellet Aldersgrense: 15 år Varigheit: 3 dagar Overnatting: Bretun og telt

FraNOK 1'950
Bestill nå!

Kort Blåistur

Ein lettare og kortare men opplevingsrik blåistur mellom bresprekkar og istårn på NIGARDSBREEN som gjev deg kjensla av å vere midt inne i eit mystisk islandskap. Frå 2017 er også tilgjenge til utstillingane på Breheimsenteret inkludert i prisen (gjeld ikkje for grupper). Aldersgrense: 12 år. Varigheit: ca. 4 timar. Frammøte: Møt breføraren ved skilt GUIDE på parkeringsplassen ved Nigardsbrevatnet min. 30 min. før turstart. Utstyr: Klikk på linken

FraNOK 560
Bestill nå!

Mini-Klatrekurs

Grunnleggande innføring i klatring på klippe og fjell med topptur til Store Skagastølstind (2405m). Krav: God form og turerfaring Aldersgrense: 17 år Varigheit: 3 dagar Frammøte: Kl. 20:00 på kurslokalet Bretun i Jostedalen

FraNOK 4'990
Bestill nå!

Privatføring på Nigardsbreen - Blåistur

Ordninga med privat føring på bre og fjell gjev deg nye og fleire mulegheiter. Turen kan tilpassast dine/di gruppe sine ynskje og behov. Eigenføring kan og tilpassast aldersgrenser og dato på dei ”vanlege opne” turane. Me har stegjarn og isøksar til sjølv dei aller minste.  Pris for ein privat Blåistur: 1-3   pers. kr. 2800.- totalt. 4-10 pers. kr.   810.-/pers. 11+  pers. 10% rabatt. Tidspunkt: Kunden bestemmer starttidspunktet sjølv. Ved start mellom 09:30-13:00 er båttransporten på Nigardsbrevatnet inkludert i prisen, elles må ein gå til fots tilbake frå breen og til parkeringsplassen. Fotturen tilbake tek ca. 1 time. Aldersgrense: 10 år Bestilling: Alle private turar må bestillast og betalast på førehand. Førespurnad til: post@bfl.no 

Privatføring på Nigardsbreen - Kort Blåistur

Ordninga med privat føring på bre og fjell gjev deg nye og fleire mulegheiter. Turen kan tilpassast dine/di gruppe sine ynskje og behov. Eigenføring kan og tilpassast aldersgrenser og dato på dei ”vanlege opne” turane. Me har stegjarn og isøksar til sjølv dei aller minste.  Pris for ein privat Kort Blåistur: 1-3   pers. kr. 2500.- totalt. 4-10 pers. kr.   710.-/pers. 11+  pers. 10% rabatt. Tidspunkt: Kunden bestemmer starttidspunktet sjølv. Ved start mellom 09:30-13:30 er båttransporten t/r på Nigardsbrevatnet inkludert i prisen elles må ein gå tilbake til parkeringsplassen frå breen til fots. Varigheit ca. 1 time. Aldersgrense: 8 år Bestilling: Alle private turar må bestillast og betalast på førehand. Førespurnad til: post@bfl.no 

Privatføring på Nigardsbreen - Spesial Blåistur

Ordninga med privat føring på bre og fjell gjev deg nye og fleire mulegheiter. Turen kan tilpassast dine/di gruppe sine ynskje og behov. Eigenføring kan og tilpassast aldersgrenser og dato på dei 'vanlege opne' fellesturane. Me har stegjarn og isøksar til sjølv dei aller minste.  Pris for ein privat Spesial Blåistur: 1-3  pers. kr.3350.- totalt. 4-6  pers. kr.  970.-/pers.   Tidspunkt: Kunden bestemmer starttidspunktet sjølv. Ved start mellom 09:30-11:30 er båttransporten t/r på Nigardsbrevatnet inkludert i prisen, elles må ein gå til fots tilbake frå breen til parkeringsplassen. Fotturen tek ca. 1 time. Aldersgrense: 10 år. Bestilling: Alle private turar må bestillast og betalast på førehand. Førespurnad til: post@bfl.no  

Spesial Blåistur - Nigardsbreen

I små grupper på maks. 6 personar får du prøve meir krevjande blåisvandring og klatring med 2 øksar i ein isvegg på topptau. Bli med på ei spennande utforsking av fargar, sprekkar og istårn i blåisen på Nigardsbreen utanfor dei mest brukte turistrutene. Frå 2017 er og inngangsbillett til utstillingane på Breheimsenteret inkludert i prisen (gjeld ikkje for grupper). Aldersgrense: 12 år Varigheit: 5,5-6 timar Frammøte: Møt breføraren ved skilt GUIDE på parkeringsplassen ved Nigardsbrevatnet minimum 15 min. før turstart. Utstyr: Klikk på linken

FraNOK 910
Bestill nå!

SPESIALTUR FOR BORN

Kort blåistur for familiar med spreke born. Har du spreke, naturglade ungar i familien og tenkjer at den vanlege blåis-familieturen på Nigardsbreen er litt for kort og for lite utfordrande? Er svaret ja, då er SPESIALTUR FOR BORN det rette valet. Denne turen passar for foreldre med spreke ungar som gjerne vil gå på utforskingsferd i den spennande blåisverda på Nigardsbreen. Denne blåisturen er meir krevjande enn den ordinære familieturen og bør berre bestillast av foreldre med spreke ungar som har tidlegare turerfaring og som elskar å vere ute på tur i naturen. Inngang i utstillingane på Breheimsenteret er ikkje inkl. i prisen. Passar for/krav: Born berre ifølgje med foreldre. Aldersgrense for barn er min. 8 år og maks 15 år. Utstyr: Hanskar for borna. Meir informasjon Varigheit: På isen ca. 1,5 timar. Totalt 3,5-4 timar.    

FraNOK 1'070
Bestill nå!

Søregga på Uranostind

Fjellklatring grad 2-3+. Maks 3 pers. per førar  Krav: God form og turerfaring Aldersgrense: 16 år Varigheit: ca. 12 timar Frammøte: 21:00 Fondsbu Fjellklatring opp til grad 2–3+. / Meir info Utstyr: Gode, varme klede, solide fjellsko, hanskar, lue, vind-/regntøy og mat/drikke.

FraNOK 4'700
Bestill nå!

Uranostind 2157 moh

Jostedalen Breførarlg har i meir enn 15 år tilbydd fjellføring og toppturar i samarbeid med Fondsbu (DNT) på Eidsbugarden i Jotunheimen til mange utfordrande 2000-meterstoppar i området. Desse turane krev bruk av stegjarn og isøks, tau og sele då dei går over bre. Nokon av rutene er såpass utsette at ein må klatre/klive med tau. Alt av bre- og klatreutstyr er inkludert i føringsprisen. Krav: God form og turerfaring Aldersgrense: 12 år Varigheit: ca. 10 timar Frammøte: 21:00 Fondsbu Bre og topptur / meir info Utstyr: Varme klede, solide fjellsko, hanskar, lue, vind-/regntøy og mat/drikke.  

FraNOK 775
Bestill nå!